시편 96편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 13절
- 1 Syng Herren ein ny song, syng for Herren, all jordi!
- 2 Syng for Herren, lova hans namn, forkynn frå dag til dag hans frelsa!
- 3 Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!
- 4 For Herren er stor og mykje lovsungen, skræmeleg er han framfor alle gudar.
- 5 For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.
- 6 Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og prydnad i hans heilagdom.
- 7 Gjev Herren, de folke-ætter, gjev Herren æra og magt!
- 8 Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom i hans fyregardar!
- 9 Tilbed Herren i heilagt skrud, skjelv for hans åsyn, all jordi!
- 10 Seg millom heidningarne: «Herren er konge, og jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka; han dømer folki med rettvisa.»
- 11 Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, havet dure og alt som i det er!
- 12 Marki frygde seg og alt det som på marki er! Då fegnast alle tre i skogen
- 13 for Herrens åsyn; for han kjem, for han kjem til å døma jordi; han skal døma jordriket med rettferd og folki i sin truskap.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗