로그인

시편 95편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 11절

  1. 1 Kom, lat oss fegnast for Herren, lat oss ropa av frygd for vårt frelse-berg!
  2. 2 Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for honom i salmar!
  3. 3 For ein stor Gud er Herren og ein stor konge yver alle gudar,
  4. 4 han som i si hand hev det djupaste av jordi, og som eig topparne av fjelli.
  5. 5 Han eig havet, for han hev skapt det, og turrlendet hev hans hender laga.
  6. 6 Kom, lat oss falla ned og bøygja oss, lat oss bøygja kne for Herren, vår skapar!
  7. 7 For han er vår Gud, og me er det folk han føder, og den hjord som handi hans leider. Å, vilde de høyra på hans røyst i dag!
  8. 8 Forherd ikkje dykkar hjarta som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarki,
  9. 9 der federne dykkar freista meg! Dei prøvde meg, endå dei hadde set mi gjerning.
  10. 10 I fyrti år var eg leid av den ætti, og eg sagde: «Dei er eit folk med villfarande hjarta, og dei kjenner ikkje vegarne mine.»
  11. 11 So svor eg i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.»

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗