시편 94편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 23절
- 1 Herre, du hemns Gud, du hemns Gud, syn deg i herlegdom!
- 2 Statt upp, du domar yver jordi, lat dei ovmodige få lika for si gjerning!
- 3 Kor lenge skal ugudlege, Herre, kor lenge skal ugudlege fegnast?
- 4 Dei gøyser or seg og fører skamlaus tale; dei skrøyter, alle ugjerningsmenner.
- 5 Ditt folk, Herre, krasar dei, og din arv plågar dei.
- 6 Enkja og den framande slær dei i hel, og dei myrder dei farlause.
- 7 Og dei segjer: «Herren ser ikkje, og Jakobs Gud merkar det ikkje.»
- 8 Merka då, de uvituge i folket! Og de vitlause, når vil de taka til vitet?
- 9 Han som hev sett inn øyra, skulde han ikkje høyra? Han som hev laga til auga, skulde han ikkje sjå?
- 10 Han som tuktar heidningar, skulde han ikkje refsa, han som gjev menneski kunnskap?
- 11 Herren kjenner mannsens tankar, at dei er fåfengd.
- 12 Sæl er den mann som du, Herre, tuktar, og som du gjev lærdom or lovi di,
- 13 til å gjeve honom ro for vonde dagar, til dess det vert grave ei grav for den ugudlege.
- 14 For ikkje støyter Herren burt sitt folk, og arven sin forlet han ikkje.
- 15 For domen skal venda um att til rettferd, og alle ærlege i hjarta skal halda med honom.
- 16 Kven stend upp for meg imot dei vonde? Kven stig fram for meg mot deim som gjer urett?
- 17 Dersom ikkje Herren var mi hjelp, so vilde sjæli mi snart bu i stilla.
- 18 Når eg segjer: «Foten min er ustød, då held di miskunn meg uppe, Herre.»
- 19 Når det kjem mange tunge tankar i mitt hjarta, då huggar dine trøystarord mi sjæl.
- 20 Er vel tynings-domstolen i samlag med deg, der dei lagar urett i hop til rett?
- 21 Dei flokkar seg i hop mot sjæli åt den rettferdige, og dei fordømer uskuldigt blod.
- 22 Då vert Herren ei borg for meg, og min Gud vert eit berg som eg flyr til.
- 23 Og han let deira urett koma attende yver deim, og for deira vondskap skal han gjera ende på deim, ja, Herren, vår Gud, skal gjera ende på deim.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗