시편 93편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 5절
- 1 Herren er konge, han hev klædt seg i høgd; Herren hev klædt seg, han hev gyrdt seg med styrke, jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka.
- 2 Fast er din kongsstol frå fordoms tid, frå æva er du.
- 3 Straumar hev lyft, Herre, straumar hev lyft si røyst, straumar lyfter upp sin dur.
- 4 Men meir enn duren av dei store vatn, dei herlege, havbroti, er Herren herleg i det høge.
- 5 Dine vitnemål er ovleg trufaste; heilagdom høver for huset ditt, Herre, so lenge som dagarne varer.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗