시편 92편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 15절
- 1 Ein salme, ein song til kviledagen.
- 2 Det er godt å prisa Herren, og å syngja ditt namn lov, du Høgste,
- 3 å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um næterne,
- 4 med tistrengs-cither og med harpa, med tankefullt spel på cither.
- 5 For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk, og eg vil fegnast yver det dine hender hev gjort.
- 6 Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar.
- 7 Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar det ikkje.
- 8 Når dei ugudlege grønkar som gras, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid.
- 9 Men du, Herre, er høg i all æva.
- 10 For sjå dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar skal forgangast, alle illgjerningsmenner vert spreidde.
- 11 Du lyfter upp mitt horn som hornet til villuksen, frisk olje er rent yver meg.
- 12 Og mitt auga skal sjå med lyst på mine fiendar, og øyro mine høyra um dei vonde som stend upp imot meg.
- 13 Den rettferdige skal renna upp som palmetreet, som ceder på Libanon skal han veksa.
- 14 Dei er planta i Herrens hus og skal grønka i Guds fyregardar.
- 15 Endå i høg alder skyt dei friske renningar, dei er groande og grønkande til å forkynna at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i honom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗