시편 91편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 16절
- 1 Den som sit i gøymsla hjå den Høgste, den som bur i skuggen hjå den Allmegtige,
- 2 han segjer til Herren: «Mi livd og mi borg, min Gud som eg set mi lit til.»
- 3 For han frelser deg frå snara til fuglefangaren, frå tynande sott.
- 4 Med sine fjører løyner han deg, og under hans vengjer finn du livd; skjold og vern er hans truskap.
- 5 Du skal ikkje ræddast for skræmsl um natti, for pil som flyg um dagen,
- 6 for pest som fer fram i myrker, for sott som tyner um middagen.
- 7 Um tusund fell attmed sida di, og ti tusund attmed di høgre hand, so skal det ikkje nå til deg.
- 8 Du skal berre skoda det med augo dine, og sjå korleis dei ugudlege fær si løn.
- 9 «For du, Herre, er mi livd,» segjer du. Den Høgste hev du gjort til din bustad.
- 10 Inkje vondt skal timast deg, og ingi plåga skal koma nær til ditt tjeld.
- 11 For han skal bjoda sine englar um deg, at dei skal vara deg på alle dine vegar.
- 12 Dei skal bera deg på hender, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein.
- 13 På løva og eiterorm skal du treda, du skal trakka ned ungløvor og drakar.
- 14 «Av di han heng fast ved meg, vil eg fria honom ut; eg vil frelsa honom, av di han kjenner mitt namn.
- 15 Han skal kalla på meg, og eg skal svara honom, eg er med honom i naud, eg vil fria honom ut og føra honom til æra.
- 16 Med eit langt liv vil eg metta honom og lata honom sjå mi frelsa.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗