시편 88편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 18절
- 1 Ein song, ein salme av Korahs born. Til songmeisteren; etter Mahalat leannot; ein song til lærdom av ezrahiten Heman.
- 2 Herre, min Frelse-Gud! Dag og natt ropar eg framfyre deg.
- 3 Lat mi bøn koma for di åsyn, bøyg ditt øyra til mitt klagerop!
- 4 For mi sjæl er mett av ulukkor, og mitt liv er kome nær til helheimen.
- 5 Eg er rekna lik deim som fer ned i gravi, eg er som ein mann utan livskraft.
- 6 Eg er forlaten millom dei daude, som dei ihelslegne som ligg i gravi, som du ikkje meir kjem i hug, då dei er avskorne frå di hand.
- 7 Du hev lagt meg i den djupe hola, i myrkrer, i ovdjup.
- 8 Din harm kvilar tungt på meg, og med alle dine bylgjor trengjer du meg. Sela.
- 9 Du hev drive mine kjenningar langt burt frå meg, du hev gjort meg til ein styggedom for deim, eg er innestengd og kann ikkje koma ut.
- 10 Mitt auga hev vanmegtast av liding, eg hev kalla på deg kvar dag, Herre, eg hev rett ut mine hender til deg.
- 11 Gjer du vel under for dei daude? eller vil skuggar stand upp og lova deg? Sela.
- 12 Tru dei i gravi fortel um di miskunn, og um di truskap i avgrunnen?
- 13 Vert dine under kjende i myrkret, og di rettferd i gløymelandet?
- 14 Men eg ropar til deg, Herre, og um morgonen kjem mi bøn imot deg.
- 15 Kvifor, Herre, støyter du burt mi sjæl? Kvifor løyner du ditt andlit for meg?
- 16 Arm er eg og døyande frå ungdomen av, eg ber dine rædslor, eg lyt gjeva meg yver.
- 17 Logarne av din harm hev gjenge yver meg, dine skræmor hev gjort meg til inkjes.
- 18 Dei hev ringa seg um meg som vatn all dagen, dei hev i samlag kringsett meg. Du hev drive langt burt frå meg ven og næste, mine kjenningar er myrkret.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗