로그인

시편 87편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 7절

  1. 1 Av Korahs born; ein salme, ein song. Det som han hev grunnfest på dei heilage fjelli,
  2. 2 Sions portar elskar Herren mest av alle Jakobs bustader.
  3. 3 Herlege ting er sagde um deg, du Guds by. Sela.
  4. 4 «Eg vil nemna Rahab og Babel millom deim som kjenner meg; sjå Filistaren, Tyrus og Kusj: Denne er fødd der.»
  5. 5 Og um Sion skal det verta sagt: «Kvar ein er fødd der», og han, den Høgste, gjer det fast.
  6. 6 Herren skal telja soleis, når folki vert uppskrivne: «Denne er fødd der.» Sela.
  7. 7 Og dei som syng og dei som dansar, skal segja: «Alle mine kjeldor er i deg.»

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗