시편 89편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 52절
- 1 Ein salme til lærdom av ezrahiten Etan.
- 2 Um Herrens miskunns verk vil eg æveleg syngja frå ætt til ætt vil eg med min munn forkynna hans truskap.
- 3 For eg segjer: Æveleg vert miskunn uppbygd, i himmelen gjer du din truskap fast.
- 4 «Eg hev gjort ei pakt med min utvalde, eg hev svore for David, tenaren min:
- 5 «Æveleg vil eg grunnfesta ditt avkjøme, og eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt.»» Sela.
- 6 Og himmelen prisar di undergjerning, Herre, og din truskap fær pris i samlingi av dei heilage.
- 7 For kven i dei høge skyer likjest Herren? Kven er lik Herren millom gudesøner?
- 8 Ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet til dei heilage, og til rædsla for alle som er ikring honom.
- 9 Herre, allhers drott, kven er sterk som du, Herre? Og din truskap er kringum deg.
- 10 Du råder yver havsens ovmod; når bylgjorne i det reiser seg, stiller du deim.
- 11 Du hev slege Rahab sund som ein ihelslegen, med din sterke arm hev du spreidt dine fiendar.
- 12 Himmelen er din, og jordi er di; jordriket og alt som er i det, hev du grunnlagt.
- 13 Nord og sud hev du skapt; Tabor og Hermon fegnast i ditt namn.
- 14 Du hev ein arm med velde; sterk er di hand, høg er di høgre hand.
- 15 Rettferd og rett er grunnvoll for din kongsstol; miskunn og truskap gjeng fyre di åsyn.
- 16 Sælt er det folk som kjenner til glederop; i ljoset frå ditt andlit skal dei ferdast.
- 17 I ditt namn fegnast dei all dagen, og ved di rettferd vert dei upphøgde.
- 18 For du er prydnaden i deira styrke, og ved din godhug lyfter du upp vårt horn.
- 19 For Herren høyrer vår skjold til, og vår konge til Israels Heilage.
- 20 Den gong tala du i ei syn til dine trugne og sagde: «Eg hev lagt hjelp i handi på ein veldug, eg hev upphøgt ein ungdom av folket.
- 21 Eg hev funne David, tenaren min, med min heilage olje hev eg salva honom.
- 22 Mi hand skal alltid vera med honom, og min arm skal styrkja honom.
- 23 Fienden skal ikkje trengja honom, og den urettferdige skal ikkje kua honom.
- 24 Men eg vil krasa hans motstandarar for hans åsyn, og slå deim som hatar honom.
- 25 Og min truskap og mi miskunn skal vera med honom, og i mitt namn skal hans horn verta upplyft.
- 26 Eg vil leggja hans hand på havet og hans høgre hand på elvarne.
- 27 Han skal ropa til meg: «Du er min far, min Gud og mitt frelse-fjell!»
- 28 Og eg vil setja honom til den fyrstefødde, til den høgste av kongarne på jordi.
- 29 Mi miskunn imot honom vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for honom.
- 30 Og eg vil halda uppe hans avkjøme til æveleg tid, og hans kongsstol so lenge himmelen varer.
- 31 Dersom hans born forlet mi lov og ikkje vandrar etter mine domar,
- 32 dersom dei bryt mine bodord og ikkje held mine fyresegner,
- 33 då vil eg heimsøkja deira misgjerd med ris og deira skuld med plågor.
- 34 Men mi miskunn vil eg ikkje taka frå honom, og ikkje vil eg svika i min truskap.
- 35 Eg vil ikkje brjota mi pakt og ikkje brigda ordi frå mine lippor.
- 36 Eitt hev eg svore ved min heilagdom, sanneleg, for David vil eg ikkje ljuga.
- 37 Hans avkjøme skal vera til æveleg tid, og hans kongsstol som soli for mi åsyn.
- 38 Som månen skal han standa æveleg, og vitnet i skyi er trufast.» Sela.
- 39 Og du hev støytt burt og forsmått, du hev vorte harm på den du hev salva.
- 40 Du hev rist av deg pakti med din tenar, du hev skjemt hans kruna og kasta henne på jordi.
- 41 Du hev brote ned alle murarne hans, du hev gjort hans festningar til grusdungar.
- 42 Alle som fer fram på vegen, plundrar honom, han hev vorte til spott for grannarne sine.
- 43 Du hev upphøgt den høgre hand til hans motstandarar, du hev gjort alle hans fiendar glade.
- 44 Du hev og late og hans sverdsegg vika, og hev ikkje halde honom uppe i striden.
- 45 Du hev gjort ende på hans glans og kasta hans kongsstol til jordi.
- 46 Du hev korta av hans ungdoms dagar, du hev lagt skam yver honom. Sela.
- 47 Kor lenge, Herre, vil du løyna deg æveleg? Kor lenge skal din harm brenna som eld?
- 48 Kom då i hug kor stutt mitt liv er, og kor forgjengelege du hev skapt alle menneskjeborn.
- 49 Kven fær vel liva og ikkje sjå dauden? Kven friar si sjæl frå helheims vald? Sela.
- 50 Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, som du med eid lova David i din truskap?
- 51 Herre, kom i hug den skam som ligg yver dine tenarar, at eg må bera i fanget alle dei mange folk,
- 52 at dine fiendar spottar, Herre, at dei spottar hans fotspor som du hev salva. Lova vere Herren æveleg! Amen, amen!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗