시편 78편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 72절
- 1 Ein song til lærdom av Asaf. Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar!
- 2 Eg vil opna min munn med fyndord, eg vil lata gåtor frå gamall tid strøyma ut.
- 3 Det me hev høyrt og veit, og det våre feder hev fortalt oss,
- 4 det vil me ikkje dylja for deira born, men fortelja Herrens pris for den komande ætti, og hans styrke og hans under, som han hev gjort.
- 5 Han hev sett upp eit vitnemål i Jakob, og ei lov hev han lagt i Israel, som han baud våre feder, til å kunngjera deim for borni,
- 6 so den komande ætti, dei born som skulde verta fødde, kunde kjenna deim, at dei kunde koma fram og fortelja um deim til sine born,
- 7 og setja si von til Gud, og ikkje gløyma Guds verk, men taka vare på hans bodord,
- 8 og ikkje vera som deira feder, ei tver og tråssug ætt, ei ætt som ikkje gjorde sitt hjarta fast, og som i si ånd ikkje var trufast mot Gud.
- 9 Efraims born, dei væpna bogeskyttarar, dei snudde på stridsdagen.
- 10 Dei heldt ikkje Guds pakt og vilde ikkje ferdast i hans lov.
- 11 Og dei gløymde hans storverk og hans under som han hadde synt deim.
- 12 For deira feder hadde han gjort under i Egyptarlandet på Soans mark.
- 13 Han kløyvde havet og let deim ganga igjenom, og let vatnet standa som ein haug.
- 14 Og han leidde deim med skyi um dagen, og heile natti ved elds ljos.
- 15 Han kløyvde berg i øydemarki og let deim drikka som av store vatsdjup.
- 16 Og han let bekkjer koma or fjellet og fekk vatn til å renna ned som elvar.
- 17 Men dei heldt endå på og synda imot honom, og var tråssuge mot den Høgste i øydemarki.
- 18 Og dei freista Gud i sitt hjarta, so dei kravde mat for si lyst.
- 19 Og dei tala imot Gud, dei sagde: «Kann vel Gud duka bord i øydemarki?
- 20 Sjå, han slo i berg, so vatn rann ut, og bekkjer fløymde. Tru han og kann gjeva brød, eller koma med kjøt til sitt folk?»
- 21 Difor, då Herren høyrde det, vart han harm, og eld loga upp mot Jakob, og vreide reiste seg mot Israel;
- 22 for dei trudde ikkje på Gud og leit ikkje på hans frelsa.
- 23 Og han gav skyerne ovantil, og himmelportarne let han upp.
- 24 Og han let manna regna yver deim til føda, og himmelkorn gav han deim.
- 25 Englebrød fekk menneskje eta, nista sende han deim til mette.
- 26 Han let austanvinden fara ut i himmelen, og han førde sunnanvinden fram ved si magt.
- 27 Og han let kjøt regna yver deim som dust, og fljugande fuglar som havsens sand,
- 28 og han let deim falla ned midt i deira læger, kringum deira bustader.
- 29 Og dei åt og vart ovleg mette, og det dei hadde hug på, let han deim få.
- 30 Dei var ikkje komne burt frå si lyst, endå hadde dei maten i munnen,
- 31 då steig Guds vreide upp imot deim, og han drap deira sterke menner hjå deim, og Israels ungdomar slo han ned.
- 32 Med alt dette synda dei endå, og dei trudde ikkje på hans under.
- 33 Og han let deira dagar kverva i fåfengd, og deira år i rædsla.
- 34 Når han slo deim ned, då spurde dei etter honom, og vende um og søkte Gud,
- 35 og kom i hug at Gud var deira berg og den høgste Gud var deira atterløysar.
- 36 Men dei gjølte for honom med sin munn, og laug for honom med si tunga.
- 37 Og deira hjarta hekk ikkje fast ved honom, og dei var ikkje true mot hans pakt.
- 38 Men han er miskunnsam, han forlet skuld og tyner ikkje, og mange gonger let han sin vreide venda um, og han vakte ikkje heile sin harm.
- 39 Og han kom i hug at dei var kjøt, ein andepust som kverv og ikkje kjem att.
- 40 Kor ofte dei tråssa honom i øydemarki og gjorde honom sorg i audni!
- 41 Og dei freista atter Gud og krenkte Israels Heilage.
- 42 Dei kom ikkje handi hans i hug, eller den dagen då han fria deim frå fienden,
- 43 då han gjorde sine teikn i Egyptarland, og sine undergjerningar på Soans mark.
- 44 Og han gjorde deira elvar til blod, og sine rennande vatn kunde dei ikkje drikka.
- 45 Han sende imot deim flugesvermar som åt deim upp, og froskar som tynte deim.
- 46 Og han gav deira grøda til gnagaren og deira arbeid til grashoppen.
- 47 Han slo deira vintre ned med hagl og deira morbærtre med haglsteinar.
- 48 Og han gav deira fe til haglet og deira hjorder til eldingarne.
- 49 Han sende på deim sin brennande vreide, sinne og harm og trengsla, ei sending av uferds-englar.
- 50 Han braut veg for sin vreide, han sparde ikkje deira sjæl for dauden, og deira liv gav han til sotti.
- 51 Og han slo alle fyrstefødde i Egyptarland, fyrstegrøda av dei sterke i Khams tjeld.
- 52 Og han let sitt folk fara av stad som sauer, og førde deim som ei hjord i øydemarki.
- 53 Og han leidde deim trygt, og dei ræddast ikkje, men havet løynde deira fiendar.
- 54 Og han førde deim til sitt heilage landmerke, det fjell som hans høgre hand hadde vunne.
- 55 Og han dreiv ut heidningar for deim, og let deira land falla til deim som arv, og let Israels ætter bu i deira tjeld.
- 56 Men dei freista Gud, den Høgste, og tråssa honom, og hans vitnemål agta dei ikkje på.
- 57 Og dei veik av og var utrugne som deira feder, dei vende um som ein veik boge.
- 58 Dei harma honom med sine haugar og eggja honom med sine avgudar.
- 59 Gud høyrde det og vart vreid, og han vart svært leid av Israel.
- 60 Og han gjekk burt frå sin bustad i Silo, det tjeld han hadde slege upp millom menneskje.
- 61 Og han let sin styrke verta førd burt som fange, og gav si æra i fiendehand.
- 62 Og han gav sitt folk til sverdet, og på sin arv harmast han.
- 63 Eld åt deira unge menner, og deira møyar fekk ingen bruresong.
- 64 Deira prestar fall for sverdet, og deira enkjor fekk ikkje syrgja
- 65 Då vakna Herren som ein sovande, som ei kjempa frå rus av vin.
- 66 Og han slo sine fiendar attende, og han førde yver deim æveleg skam.
- 67 Og han støytte burt Josefs tjeld, og Efraims ætt valde han ikkje ut.
- 68 Men han valde Judas ætt, Sions fjell som han elska.
- 69 Og han bygde sin heilagdom som høge fjell, liksom jordi som han hev grunnfest til æveleg tid.
- 70 Og han valde ut David, sin tenar, og tok honom frå sauegrindarne.
- 71 Han førde honom frå lambsauerne som han fylgde, til å gjæta Jakob, sitt folk, og Israel, sin arv.
- 72 Og han gjætte deim etter sitt ærlege hjarta, og med si kloke hand leidde han deim.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗