시편 79편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 13절
- 1 Ein salme av Asaf. Gud, heidningar er komen inn i arven din, dei hev gjort ditt heilage tempel ureint, dei hev gjort Jerusalem til steinhaugar.
- 2 Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føda for fuglarne under himmelen, kjøtet av dine trugne til landsens villdyr.
- 3 Dei hev rent ut deira blod som vatn kringum Jerusalem, og det var ingen som jorda deim.
- 4 Me hev vorte til spott for våre grannar, til hæding og lått for deim som bur ikring.
- 5 Kor lenge, Herre, vil du æveleg vera vreid? Kor lenge skal din brennhug loga som eld?
- 6 Renn din harme ut yver heidningarne som ikkje kjenner deg, og yver dei kongerike som ikkje kallar på ditt namn!
- 7 For dei hev ete upp Jakob, og hans bustad hev dei øydelagt.
- 8 Kom ikkje i hug mot oss synderne åt våre forfeder, lat di miskunn snart koma imot oss, for me er svært utmødde!
- 9 Hjelp oss, du vår Frelse-Gud, for ditt namns æra skuld! og frels oss og forlat oss våre synder for ditt namn skuld!
- 10 Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er deira Gud?» Lat det for våre augo verta kjent millom heidningarne, at det kjem hemn yver det utrende blodet av dine tenarar!
- 11 Lat sukken frå den bundne koma for di åsyn! So sterk som armen din er, spar daudens born!
- 12 Gjev våre grannar sjufald att i deira fang den spott som dei hev spotta deg med, Herre!
- 13 Og me, ditt folk og den hjord du beiter, me vil lova deg æveleg, frå ætt til ætt vil me kunngjera din pris.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗