시편 77편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 20절
- 1 Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av Asaf.
- 2 Eg ropar til Gud, og eg vil skrika; eg ropar til Gud, og han vil venda øyra til meg.
- 3 Den Dagen eg er i naud, søkjer eg Herren, um natti retter eg ut handi, og ho vert ikkje trøytt, mi sjæl vil ikkje lata seg trøysta.
- 4 Eg vil koma Gud i hug og sukka, eg vil tenkja etter, og mi ånd vanmegtast. Sela.
- 5 Du held augo mine vakande, eg er uroleg og talar ikkje.
- 6 Eg tenkjer på fordoms dagar, på lengst framfarne år.
- 7 Eg vil koma i hug min strengleik um natti, i mitt hjarta vil eg grunda, og mi ånd vil ransaka.
- 8 Vil Herren æveleg støyta burt? vil han ikkje lenger visa nåde?
- 9 Er det for all tid ute med hans miskunn? Hev hans lovnad vorte upp i inkje frå ætt til ætt?
- 10 Hev Gud gløymt å vera nådig? Eller hev han i vreide stengt for sin godhug? Sela.
- 11 Eg segjer: Dette er mi plåga, det er år frå høgre handi til den Høgste.
- 12 Eg vil forkynna Herrens gjerningar, for eg vil minnast dine under frå fordoms tid.
- 13 Og eg vil tenkja etter alt ditt verk, og på dine store gjerningar vil eg grunda.
- 14 Gud, i heilagdom er din veg, kven er ein gud, stor som Gud?
- 15 Du er den Gud som gjer under; du hev kunngjort din styrke millom folkeslagi.
- 16 Du hev løyst ditt folk ut med velde, borni åt Jakob og Josef. Sela
- 17 Vatni såg deg, Gud, vatni såg deg og bivra, ja, djupi skalv.
- 18 Skyerne gav vatn, himmelen dunde, ja, dine piler flaug ikring.
- 19 Di tora dunde i kvervelstormen, eldingar lyste upp jordriket, jordi skalv og riste.
- 20 I havet gjekk din veg, og dine stigar gjenom store vatn, og dine fotspor vart ikkje kjende. Du førde ditt folk som ei hjord ved handi åt Moses og Aron.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗