시편 68편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 35절
- 1 Til songmeisteren; av David; ein salme, ein song.
- 2 Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar honom, flyr for hans åsyn.
- 3 Liksom røyk driv burt, so driv du deim burt; liksom voks brånar for eld, so gjeng dei ugudlege til grunnar for Guds åsyn.
- 4 Og dei rettferdige gled seg, dei fagnar seg for Guds åsyn, dei frygdar seg med gleda.
- 5 Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Jah er namnet hans, og fegnast for hans åsyn!
- 6 Far for farlause og domar for enkjor er Gud i sin heilage bustad.
- 7 Gud gjev dei einslege hus og heim, han fører fangar ut til lukka; berre dei motstridige bur i turrlende.
- 8 Gud, då du drog ut framfyre folket ditt, då du skreid fram i øydemarki - Sela -
- 9 då skalv jordi, ja, himmelen draup for Guds åsyn, Sinai der burte skalv for Guds, Israels Guds, åsyn.
- 10 Rikelegt regn let du falla, Gud, du styrkte arven din då han var utmødd.
- 11 Ditt folk sette seg ned i landet; Gud, du var god og reidde det til for armingen.
- 12 Herren gjev sigersong; ein stor skare av kvinnor kjem med gledebod.
- 13 Kongar yver herar flyr, dei flyr, og ho som sit heime, deiler herfang.
- 14 Når de ligg millom felæger, er det som sylvlagde duvevengjer, og vengfjører med grøn gullglima.
- 15 Når den Allmegtige spreider kongar der, er det som det snøar på Salmon.
- 16 Eit Guds fjell er Basans fjell, eit fjell med mange kollar er Basans fjell.
- 17 Kvifor ser de skakt, de fjell med mange kollar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid.
- 18 Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund, Herren er imillom deim, Sinai er i heilagdomen.
- 19 Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneskje, ogso av dei tråssuge, at du kunde bu der, Herre Gud.
- 20 Lova vere Herren dag etter dag! Legg dei byrd på oss, er Gud vår frelsa. Sela.
- 21 Gud er for oss ein Gud til frelsa, og hjå Herren, Herren er det utvegar frå dauden.
- 22 Ja, Gud krasar hovudet på sine fiendar, den hærde hovudkruna på honom som ferdast i si syndeskuld.
- 23 Herren segjer: «Frå Basan tek eg deim att, eg vil taka deim att frå havsens djup,
- 24 so foten din må trakka i blod, tunga åt hundarne dine få sin lut av fiendarne.»
- 25 Dei ser di sigersferd, Gud, sigersferdi der min Gud, min konge, fer inn i heilagdomen.
- 26 Fyre gjeng songarar, etterpå harpespelarar midt imillom møyar som slær på trummor.
- 27 Lova Gud i samlingarne, lova Herren, de som er av Israels kjelda!
- 28 Der er Benjamin, den yngste, som er herre yver deim, hovdingarne av Juda - deira hop, hovdingarne av Sebulon, hovdingarne av Naftali.
- 29 Din Gud hev bode at du skal vera sterk; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!
- 30 For ditt tempel skuld yver Jerusalem vil kongar føra gåvor til deg.
- 31 Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvarne, so dei kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folk som er huga på strid.
- 32 Velduge menner skal koma frå Egyptarland, Ætiopia skal skunda seg og retta henderne ut til Gud.
- 33 De rike på jordi, syng for Gud, syng lov for Herren! Sela.
- 34 Han som fer fram i dei eldegamle himle-himlar! Sjå, han let si røyst høyra, ei veldug røyst.
- 35 Gjev Gud magt! Yver Israel er hans høgd, og hans magt i dei høge skyer. Skræmeleg er du, Gud, frå dine heilagdomar; Israels Gud, han gjev folket magt og styrke. Lova vere Gud!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗