시편 69편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 36절
- 1 Til songmeisteren, etter «Liljor»; av David.
- 2 Frels meg, Gud! for vatni trengjer seg inn på livet.
- 3 Eg er sokken ned i det djupe dike der det inkje fotfeste er, eg er komen ut i ovdjupe vatn, og flodi fløymer yver meg.
- 4 Eg er trøytt av mi roping, det brenn i min strupe, mine augo er upptærde, med di eg ventar på min Gud.
- 5 Fleire enn håri på mitt hovud er dei som hatar meg utan orsak, mange er dei som vil meg tyna meg, som utan grunn er mine fiendar; det eg ikkje hev rana, skal eg no gjeva attende.
- 6 Gud, du kjenner min dårskap, og all mi syndeskuld er ikkje løynd for deg.
- 7 Lat deim ved meg ikkje verta til skammar, dei som ventar på deg, Herre, Herre, allhers drott! Lat deim ikkje ved meg verta skjemde, dei som søkjer deg, Israels Gud!
- 8 For di skuld ber eg hæding, skjemsla ligg yver mitt andlit.
- 9 Eg hev vorte framand hjå brørne mine, og ein utlending hjå borni til mor mi.
- 10 For brennhug for ditt hus hev ete meg upp, og deira spottord som spottar deg, hev falle på meg.
- 11 Då mi sjæl græt medan eg fasta, vart eg spotta for det.
- 12 Då eg laga ein sekk til klædde for meg, vart eg eit ordtøke for deim.
- 13 Dei som sit i porten, røder um meg, og drikkarane syng um meg.
- 14 Men eg kjem med mi bøn til deg, Herre, i nådetidi, Gud, for di store miskunn; svara meg med di trufaste hjelp!
- 15 Fria meg ut or søyla, og lat meg ikkje søkka! Lat meg verta utfria frå deim som hatar meg og frå dei djupe vatni!
- 16 Lat ikkje vatsflodi fløyma yver meg, og ikkje djupet svelgja meg, og heller ikkje brunnen lata att sitt gap yver meg!
- 17 Svara meg, Herre, for din nåde er god, etter di store miskunn vend deg til meg!
- 18 Og løyn ikkje di åsyn for tenaren din, for eg er i naud; svara meg snart!
- 19 Kom nær til mi sjæl, løys henne ut! Frels meg for mine fiendar skuld!
- 20 Du kjenner mi spott og skam og vanæra, for di åsyn stend alle dei som trengjer meg.
- 21 Spottord hev brote mitt hjarta sund, so eg er sjuk; eg venta på medynk, men der var ingi, og på trøystarar, men eg fann ingen.
- 22 Og dei gav meg gall å eta, og då eg var tyrst, gav dei meg eddik å drikka.
- 23 Lat bordet deira framfyre deim verta ei snara, og ei gildra for deim når dei er trygge!
- 24 Lat augo deira dimmast so dei ikkje ser, og lat deira lender alltid skjelva!
- 25 Renn ut yver deim din vreide, og lat din brennande harm nå deim!
- 26 Lat deira bustad verta øydd, lat det ingen vera som bur i deira tjeld!
- 27 For dei forfylgjer den som du hev slege, og dei fortel um pinsla åt deim som du hev gjenomstunge.
- 28 Lat deim leggja syndeskuld til si syndeskuld, og lat deim ikkje koma til di rettferd!
- 29 Lat deim verta utstrokne or livsens bok, og ikkje verta innskrivne med dei rettferdige!
- 30 Men eg er ein arming full av verk, Gud, lat di frelsa berga meg!
- 31 Eg vil lova Guds namn med song og høglova honom med takksegjing,
- 32 og det skal tekkjast Herren betre enn ein ung ukse med horn og klauver.
- 33 Når spaklyndte ser det, vil dei gleda seg; de som søkjer Gud - må dykkar hjarta liva!
- 34 For Herren høyrer på dei fatige, og sine fangar vanvyrder han ikkje.
- 35 Himmel og jord skal lova honom, havet og alt som krek i det.
- 36 For Gud skal frelsa Sion og byggja byarne i Juda, og dei skal bu der og eiga deim. Og avkjømet til hans tenarar skal erva deim, og dei som elskar hans namn, skal bu der.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗