로그인

시편 67편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 7절

  1. 1 Til songmeisteren på strengleik; ein salme, ein song.
  2. 2 Gud vere oss nådig og velsigne oss, han late si åsyn lysa hjå oss - Sela -
  3. 3 so dei må kjenna din veg på jordi, di frelse hjå alle heidningar.
  4. 4 Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman.
  5. 5 Folkeslagi skal gledast og fagna seg høgt; for du dømer folki med rett, og folkeslagi på jordi leider du. Sela.
  6. 6 Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman.
  7. 7 Landet hev gjeve si grøda; Gud, vår Gud velsignar oss. Gud velsignar oss, og alle heimsens endar skal ottast honom.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗