시편 66편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 20절
- 1 Til songmeisteren; ein song, ein salme. Ropa fagnadrop for Gud, all jordi!
- 2 Syng ut hans namns æra, gjev honom æra til hans pris!
- 3 Seg til Gud: «Kor skræmelege dine verk er! For di store magt skuld må dine fiendar gjøla for deg.
- 4 All jordi skal tilbeda deg og syngja deg lov, dei skal syngja um ditt namn.» Sela.
- 5 Kom og sjå Guds gjerningar! Skræmeleg er han i gjerning mot menneskjeborni.
- 6 Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i honom.
- 7 Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningarne; dei tråssuge må ikkje upphøgja seg. Sela.
- 8 De folk, lova vår Gud, og lat røysti av hans lovsong verta høyrd!
- 9 han som heldt vår sjæl i live, og ikkje let vår fot vera ustød.
- 10 For du prøvde oss, Gud, du reinsa oss, som dei reinsar sylv.
- 11 Du førde oss inn i eit garn, du lagde ei tyngjande byrd på våre lender.
- 12 Du let menneskje fara yver vårt hovud, me kom i eld og vatn - men du førde oss ut til uppkveikjing.
- 13 Eg vil ganga inn i ditt hus med brennoffer; eg vil gjeva deg det eg hev lova,
- 14 det som gjekk yver mine lippor, og som munnen min tala ut då eg var i naud.
- 15 Brennoffer av feite sauer vil eg ofra til deg med eim av verar, eg vil ofra både uksar og bukkar. Sela.
- 16 Kom og høyr, so vil eg fortelja, alle de som ottast Gud, kva han hev gjort for mi sjæl.
- 17 Til honom ropa eg med min munn, og lovsong var på tunga mi.
- 18 Hadde eg stila på urett i mitt hjarta, vilde Herren ikkje høyra.
- 19 Men Gud hev høyrt, han lydde på mi bønerøyst.
- 20 Lova vere Gud, som ikkje viste mi bøn ifrå seg og ikkje tok frå meg si miskunn!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗