시편 58편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 11절
- 1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David, ein miktam.
- 2 Tru de verkeleg med dykkar målløysa talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de menneskjeborn?
- 3 Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender.
- 4 Dei ugudlege gjeng på avveg alt frå morsfang, ljugarane fer vilt alt frå morsliv.
- 5 Eiter hev dei som orme-eiter, dei er som ein dauv orm, som dytter øyra til,
- 6 so han ikkje høyrer på røysti åt tauvrekallen, han som vel kann trolla.
- 7 Gud, slå inn tennerne i munnen deira, Herre, støyt sund jakslarne på dei unge løvor!
- 8 Lat deim kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat deim vera som utan odd!
- 9 Lat deim vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster som ikkje hev set soli.
- 10 Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt, både det friske og det som brenn.
- 11 Den rettferdige skal gleda seg, av di han ser hemn; han skal två sine føter i blodet av den ugudlege. Og folk skal segja: «Det finst då frukt for den rettferdige; der er då ein Gud som dømer på jordi.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗