시편 57편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 11절
- 1 Til songmeisteren, etter «tyn ikkje»; av David, ein miktam, då han flydde for Saul inn i helleren.
- 2 Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjæl, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd, til dess ulukka gjeng yver.
- 3 Eg ropar til Gud, den Høgste, til den Gud som fullfører sitt verk for meg.
- 4 Han vil senda frå himmelen og hjelpa meg, når han som vil sluka meg, spottar. Sela. Gud vil senda si miskunn og sin truskap.
- 5 Mi sjæl er millom løvor, eg må liggja millom deim som spruter eld, millom menneskjeborn som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd.
- 6 Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!
- 7 Dei set garn for mine stig, mi sjæl er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. Sela.
- 8 Mitt hjarta er rolegt, Gud, mitt hjarta er rolegt, eg vil syngja og lovsyngja.
- 9 Vakna, mi æra! Vakna, harpa og cither! Eg vil vekkja morgonroden.
- 10 Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.
- 11 For di miskunn er stor til himmelen, og din truskap til dei høge skyer. Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗