시편 59편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 17절
- 1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David; ein miktam, då Saul sende folk som gjætte på huset og vilde drepa honom.
- 2 Frels meg frå mine fiendar, min Gud, berga meg frå deim som stend upp imot meg!
- 3 Frels meg frå deim som gjer urett, og berga meg frå blodgiruge menner!
- 4 For sjå, dei ligg på lur etter mi sjæl, sterke menner slær seg saman imot meg, Herre, utan mi misgjerd og utan mi synd.
- 5 Utan mi skuld renner dei fram og gjer seg ferdige. Vakna og møt meg, og sjå!
- 6 Ja du, Herre, allhers drott, Israels Gud, vakna til å heimsøkja alle heidningar, ver ikkje nådig mot nokon av dei falske nidingar! Sela.
- 7 Dei kjem att um kvelden, dei hyler som hundar og renner kring i byen.
- 8 Sjå, dei let det gøysa ut or munnen sin, der er sverd i deira lippor, for: «Kven høyrer?»
- 9 Men du, Herre, lær åt deim, du spottar alle heidningar.
- 10 Mot hans magt vil eg venta på deg, for Gud er mi borg.
- 11 Min Gud vil møta meg med si nåde, Gud vil lata meg sjå med lyst på deim som lurer på meg.
- 12 Drep deim ikkje, at ikkje mitt folk skal gløyma det! Driv deim ikring ved di magt og støyt deim ned, du Herre, vår skjold!
- 13 Kvart ord på deira lippor er ei synd i deira munn; lat deim so verta fanga i sitt ovmod og for den banning og lygn som dei talar!
- 14 Gjer ende på deim i vreide, gjer ende på deim, so dei ikkje meir er til, og lat dei vita at Gud er Herre i Jakob, alt til endarne av jordi! Sela.
- 15 Og dei kjem att um kvelden, hyler som hundar og renner kring i byen.
- 16 Dei flakkar um etter mat, vert dei ikkje mette, nattar dei yver.
- 17 Men eg vil syngja um di magt og um morgonen lovsyngja di miskunn; for du er mi borg og mi livd den dag eg er i naud. Min styrke! for deg vil eg syngja; for Gud er mi borg, min miskunnsame Gud.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗