로그인

시편 56편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 13절

  1. 1 Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»; av David, ein miktam, då filistarane tok honom i Gat.
  2. 2 Ver meg nådig, Gud, for menneskje vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.
  3. 3 Dei vil sluka meg dei som lurar på meg, heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.
  4. 4 Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.
  5. 5 Ved Gud skal eg lova hans ord, til Gud set eg lit, eg ottast ikkje, kva skulde kjøt kunna gjera meg?
  6. 6 Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.
  7. 7 Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine stig, då dei trår etter livet mitt.
  8. 8 Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!
  9. 9 Du hev talt kor ofte eg hev fare på flugt, mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?
  10. 10 Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg.
  11. 11 Ved Gud skal eg lova ordet; ved Herren skal eg lova ordet.
  12. 12 Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann menneskje gjera meg?
  13. 13 Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa deim ut med takkoffer til deg. For du hev berga mi sjæl frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Gud i ljoset åt dei livande.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗