시편 55편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 23절
- 1 Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David.
- 2 Gud, vend øyra til mi bøn, og løyn deg ikkje for mi naudbeding!
- 3 Gjev gaum etter meg og svara meg! Eg er uroleg med mine sorgfyllte tankar, og eg må stynja
- 4 for rop frå fienden, for trykk frå den ugudlege. For dei velter vondt yver meg, og i vreide forfylgjer dei meg.
- 5 Mitt hjarta skjelv i meg, og daudens fæle hev falle på meg.
- 6 Otte og skjelving kjem yver meg og rædsla legg seg på meg.
- 7 Og eg segjer: «Å, hadde eg vengjer som duva, då skulde eg fljuga burt og finna ein bustad.
- 8 Sjå, eg vilde fly langt burt, eg vilde finna herbyrge i øydemarki. Sela.
- 9 Eg vilde skunda meg i livd for den føykjande vinden, for stormen.»
- 10 Sluk deim, Herre, kløyv deira tungemål! For eg ser vald og kiv i byen.
- 11 Dag og natt renner dei kringum honom på murarne, ugjerd og møda er midt i honom.
- 12 Tjon er midt i honom, og ikkje vik frå gatorne vald og svik.
- 13 For ikkje min fiende er det som hæder meg - det kunde eg tola; ikkje min uven er det som briskar seg mot meg - då kunde eg gøyma meg for honom.
- 14 Men du er det, du som var min likemann, min ven, min kjenning, -
- 15 me som hadde huglegt samråd med kvarandre, som gjekk til Guds hus med den glade hop.
- 16 Lat dauden koma brått på deim! Lat deim fara ned til helheimen livande! For vondskap råder i deira bustad og i deira hjarta.
- 17 Eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg.
- 18 Kveld og morgon og middag vil eg klaga og sukka, so vil han høyra mi røyst.
- 19 Han løyser ut mi sjæl frå strid mot meg og gjev meg fred, for mange er dei mot meg.
- 20 Gud skal høyra og svara deim - han sit frå fordoms tid, sela - deim som ikkje vil verta annarleis og som ikkje ottast Gud.
- 21 Han legg hand på folk som held fred med honom, han bryt si pakt.
- 22 Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta er fullt av strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då utdregne sverd.
- 23 Kasta byrdi di på Herren, og han skal halda deg uppe! han skal ikkje i all æva lata den rettferdige verta rikka. Men du, Gud, skal støyta deim ned i den djupe grav; blodgiruge og falske menner skal ikkje nå til helvti av si livetid; men eg set mi lit til deg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗