로그인

시편 54편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 7절

  1. 1 Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David,
  2. 2 då zifitarne kom og sagde til Saul: «David held seg løynd hjå oss.»
  3. 3 Gud, frels meg ved ditt namn, og døm meg til min rett ved di kraft!
  4. 4 Gud, høyr mi bøn, vend øyra til ordi frå min munn!
  5. 5 For framande stend upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. Sela.
  6. 6 Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mi sjæl.
  7. 7 Det vonde skal falla tilbake på deim som lurar på meg; gjer deim til inkjes i din truskap! Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; ditt namn vil eg prisa, Herre, for det er godt. For det friar meg ut or all naud, og på mine fiendar ser mitt auga med lyst.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗