시편 53편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 6절
- 1 Til songmeisteren, etter Mahalat; ein salme til lærdom av David.
- 2 Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira misgjerning; det er ingen som gjer godt.
- 3 Gud skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.
- 4 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det er ikkje ein einaste.
- 5 Veit dei det då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje.
- 6 Då vert dei storleg rædde, der ingen ræddhug var; for Gud spreider beini av deim som lægrar seg mot deg; du gjer deim til skammar, for Gud hev støytt deim burt. Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Gud vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗