시편 5편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 12절
- 1 Til songmeisteren, til Nehilot; ein salme av David.
- 2 Vend øyra til mine ord, Herre, gjev gaum etter min sukk!
- 3 Lyd til mitt rop um hjelp, min konge og min Gud! For til deg bed eg.
- 4 Herre, um morgonen vil du høyre mi røyst; um morgonen legg eg mi sak fram for deg og ventar.
- 5 For du er ikkje ein Gud som hev hugnad i ugudleg åtferd; den vonde fær ikkje bu hjå deg.
- 6 Dei ovmodige kann ikkje standa seg for dine augo; du hatar alle som gjer urett.
- 7 Du let deim som talar lygn ganga under; den blodgiruge og falske mann styggjest Herren ved.
- 8 Men eg vil ved di store miskunn ganga inn i ditt hus, vil med otte for deg falla ned framfyre ditt heilage tempel.
- 9 Herre, leid meg ved di rettferd, for deira skuld som lurar på meg, jamna din veg for meg!
- 10 For det finst ikkje sanning i deira munn; det indre i deim er ein avgrunn; strupen deira er ei opi grav; tunga si gjer dei hål.
- 11 Gud, døm dei skuldige! Lat deim falla for sine eigne meinråder, støyt deim ned for deira mange misgjerningar! for dei hev gjort upprør mot deg.
- 12 Men lat alle deim gleda seg, som set si lid til deg! Lat deim til æveleg tid fagna seg høgt, av di du vil verja deim; og lat deim som elskar ditt namn frygda seg i deg! For du, Herre, velsignar den rettferdige; du vernar honom med nåde som med ein skjold.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗