시편 4편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절
- 1 Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David.
- 2 Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom; ver meg nådig og høyr mi bøn!
- 3 De velduge menner Kor lenge skal mi æra vera til skam? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela.
- 4 Vit då, at Herren fer underleg med den som er etter hans ynde! Herren høyrer, når eg ropar til honom.
- 5 Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på dykkar lægje, og ver stille! Sela.
- 6 Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!
- 7 Mange segjer: «Kven vil syna oss noko godt?» Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre!
- 8 Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikeleg. I fred vil eg både leggja meg og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗