로그인

시편 6편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 10절

  1. 1 Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David.
  2. 2 Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm!
  3. 3 Ver meg nådig, Herre, for eg er burtvisna! Læk meg, Herre, for mine bein er skjelvande.
  4. 4 Og mi sjæl er storleg skjelvrædd. Og du, Herre, kor lenge?
  5. 5 Vend deg um att, Herre, fri ut mi sjæl, frels meg for di miskunn skuld!
  6. 6 For i dauden er det ikkje minne um deg; kven vil prisa deg i helheimen?
  7. 7 Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje.
  8. 8 Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle deira skuld som trengjer meg.
  9. 9 Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren hev høyrt mitt gråtmål.
  10. 10 Herren hev høyrt mi audmjuke påkalling, Herren, tek imot mi bøn. Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal venda attende, verta skjemde i ein augneblink.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗