시편 48편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 14절
- 1 Ein song, ein salme; av Korahs born.
- 2 Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell.
- 3 Fager i si høgd, ein fagnad for all jordi er Sions fjell, utkanten av nordheimen, staden til den store kongen.
- 4 Gud er i hans hallar kjend som ei fast borg.
- 5 For sjå, kongarne kom saman og drog fram i lag.
- 6 Dei såg - so vart dei forfærde, dei vart vitskræmde, flydde i bråhast.
- 7 Ein skjelv greip deim der, ei bivring som hjå ei barnsjuk kvinna.
- 8 Med austanvind bryt du sund Tarsis-skip.
- 9 Liksom me hev høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers drotts by, i vår Guds by, Gud gjer honom fast til æveleg tid. Sela.
- 10 Me grundar på din nåde, Gud, midt i ditt tempel.
- 11 Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endarne av jordi; di høgre hand er full av rettferd.
- 12 Sionsfjellet gled seg, Juda døtter fagnar seg yver dine domar.
- 13 Gakk ikring Sion, far rundt um henne, tel hennar tårn!
- 14 Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar hallar, so de kann fortelja um det til den komande ætt. For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗