시편 47편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 9절
- 1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.
- 2 Klappa i henderne, alle folk! Kved høgt for Gud med fagnadrøyst!
- 3 For Herren, den Høgste, er ageleg, ein stor konge yver all jordi.
- 4 Han legg folk under oss og folkeslag under våre føter.
- 5 Han vel ut vår arvlut åt oss, til gilda for Jakob som han elskar. Sela.
- 6 Gud for upp med fagnadrop, Herren med basunljod.
- 7 Syng lov for Gud, syng lov! Syng lov for vår konge, syng lov!
- 8 For Gud er konge yver all jordi; syng til hans lov ein visleg song!
- 9 Gud hev teke riket yver folki, Gud hev sett seg på sin heilage kongsstol. Folkedrottarne samlar seg som eit folk til Abrahams Gud; for skjoldarne på jordi høyrer Gud til, han er høgt upphøgd.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗