시편 46편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 11절
- 1 Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song.
- 2 Gud er mi hyggja og vår styrke, fullvel røynd i trengslor.
- 3 Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet,
- 4 um havbårorne dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela.
- 5 Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.
- 6 Gud er midt i honom, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper honom i morgonlysingi.
- 7 Folkeslag rasa, rike vart rikka, han let si røyst ljoda, jordi bråna.
- 8 Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.
- 9 Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi.
- 10 Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld.
- 11 «Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.» Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗