로그인

시편 45편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 17절

  1. 1 Til songmeisteren, etter «Liljor»; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik.
  2. 2 Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg kved den song eg hev gjort til ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars penn.
  3. 3 Du er den fagraste av menneskjeborni, ynde strøymer yver dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.
  4. 4 Gyrd ditt sverd til di lend, du velduge, di høgd og din herlegdom!
  5. 5 Og far i din herlegdom fram med siger for sanning og spaklyndt rettferd! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.
  6. 6 Din piler er kveste - so folk fell under deg - dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar.
  7. 7 Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid, ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.
  8. 8 Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.
  9. 9 Av myrra og aloe og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinshallar fagnar deg strengleik.
  10. 10 Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir.
  11. 11 Høyr, dotter, og sjå og bøyg øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus,
  12. 12 og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! for han er din herre, og du skal hylla honom.
  13. 13 Og Tyrus’ dotter skal søkja ditt ynde med gåvor - dei rikaste av folket.
  14. 14 Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull.
  15. 15 I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer etter henne; dei vert førde inn til deg.
  16. 16 Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongshalli.
  17. 17 I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja deim til hovdingar utyver heile jordi. Eg vil setja ditt namn eit minne millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗