시편 44편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 26절
- 1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme til lærdom.
- 2 Gud, me hev høyrt med våre øyro, våre feder hev fortalt oss den gjerning du gjorde i deira dagar, i forne dagar.
- 3 Du dreiv ut heidningarne med di hand, men deim planta du; du øydelagde folkeslag, men deim breidde du ut.
- 4 For ikkje med sitt sverd vann dei landet, og deira arm gav deim ikkje siger, men di høgre hand og din arm og ditt andlits ljos; for du hadde hugnad i deim.
- 5 Du, Gud, er min konge; byd at Jakob skal verta frelst!
- 6 Ved deg skal me støyta ned våre fiendar, ved ditt namn skal me treda under føter deim som reiser seg imot oss.
- 7 For min boge lit eg ikkje på, og mitt sverd gjev meg ikkje siger.
- 8 Men du gjev oss siger yver våre fiendar, og deim som hatar oss, gjer du til skammar.
- 9 Av Gud rosar me oss all dagen og lovar ditt namn til æveleg tid. Sela.
- 10 Og endå hev du støytt oss burt og gjort oss til skam, og du dreg ikkje ut med våre herar.
- 11 Du let oss vika attende for fienden, og dei som hatar oss, fær seg herfang.
- 12 Du gjev oss burt som sauer til å eta upp, og spreider oss ikring millom heidningarne.
- 13 Du sel ditt folk for ingen ting, og ikkje set du høg pris på deim.
- 14 Du gjer oss til hæding for våre grannar, til spott og spe for deim som bur ikring oss.
- 15 Du gjer oss til eit ordtøke millom heidningarne; dei rister på hovudet åt oss millom folki.
- 16 Heile dagen stend mi skam for mine augo, og blygsl breider seg yver mitt andlit,
- 17 ved røysti av spottaren og hædaren, ved syni av fienden og den hemngiruge.
- 18 Alt dette er kome yver oss, endå me ikkje hev gløymt deg og ikkje svike di pakt.
- 19 Vårt hjarta veik ikkje frå deg, og våre stig sveiv ikkje ut av din veg,
- 20 at du skulde slå oss sund der sjakalar bur, og breida oss ned i daudeskugge.
- 21 Hadde me gløymt vår Guds namn og rett våre hender ut til ein framand gud,
- 22 skulde Gud då ikkje ransaka det? for han kjenner hjartans løyndomar.
- 23 Men for di skuld vert me drepne all dagen, me er rekna som slagtesauer.
- 24 Vakna upp! Kvi søv du, Herre? Vakna då, støyt ikkje burt for alltid!
- 25 Kvi løyner du di åsyn, gløymer vår armodsdom og vår trengsla?
- 26 For vår sjæl er nedbøygd i moldi, vår likam nedtrykt til jordi. Statt upp til hjelp for oss, og løys oss ut for din nåde skuld!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗