시편 3편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절
- 1 Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin.
- 2 Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg.
- 3 Mange segjer til mi sjæl: «Det finst ikkje frelsa for honom hjå Gud.» Sela.
- 4 Men du, Herre, er min skjold, mi æra og den som lyfter mitt hovud.
- 5 Eg ropar høgt til Herren, og han svarar meg frå sitt heilage fjell. Sela.
- 6 Eg lagde meg og sovna; eg vakna upp, for Herren held meg uppe.
- 7 Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring.
- 8 Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennerne på dei ugudlege. Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! Sela.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗