시편 37편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 40절
- 1 Av David. Vreidskast ikkje yver illgjerningsmennerne, harmast ikkje yver deim som gjer urett!
- 2 For liksom gras vert dei brått avskorne, og som grøne urter visnar dei burt.
- 3 Lit på Herren og gjer det gode, bu i landet og legg vinn på truskap!
- 4 Og hugnast i Herren, so skal han gjeva deg det som ditt hjarta ynskjer.
- 5 Gjev Herren din veg i vald, og lit på honom! Han skal gjera det;
- 6 og han skal lata di rettferd ganga fram som ljoset, og din rett som middagsklåren.
- 7 Ver still for Herren og stunda på honom! Vreidast ikkje yver den som hev lukka på sin veg, den mannen som legg upp meinråd!
- 8 Haldt deg frå vreide, lat harm fara, vreidast ikkje, det er berre til å gjera ilt!
- 9 For illgjerningsmenner skal verta utrudde, men dei som ventar på Herren, dei skal erva landet.
- 10 Og um ei liti stund er den ugudlege ikkje til, og legg du merke til hans stad, so er han der ikkje.
- 11 Men dei spaklyndte skal erva landet og hugnast ved mykjen fred.
- 12 Den ugudlege tenkjer upp vondt imot den rettferdige og skjer tenner imot honom.
- 13 Herren lær åt honom; for han ser at hans dag kjem.
- 14 Dei ugudlege dreg sverdet og spenner sin boge til å fella den arme og fatige og myrda deim som fer ærleg fram.
- 15 Deira sverd skal ganga inn i deira eige hjarta, og deira bogar verta brotne sund.
- 16 Betre er det vesle den rettferdige hev, enn mykje gods hjå mange ugudlege.
- 17 For armarne vert brotne på dei ugudlege, men Herren styd dei rettferdige.
- 18 Herren kjenner dei dagar dei ulastande skal liva, og deira arv skal vara til æveleg tid.
- 19 Dei skal ikkje verta til skammar i den vonde tid, og i hungers dagar skal dei verta mette.
- 20 For dei ugudlege skal ganga til grunnar, og Herrens fiendar som blomeskrud på engjar; dei kverv som røyk, kverv burt.
- 21 Den ugudlege låner og gjev ikkje att, men den rettferdige gjer miskunn og gjev.
- 22 For dei han velsignar, skal erva landet; men dei han forbannar, skal verta utrudde.
- 23 Herren gjer ein manns steg faste, og han hev hugnad i hans veg.
- 24 Når han fell, vert han ikkje støypt til marki; for Herren styd hans hand.
- 25 Eg hev vore ung og vorte gamall, men aldri hev eg set den rettferdige forlaten eller hans born beda um brød.
- 26 Heile dagen gjer han miskunn og låner ut, og hans born vert velsigna.
- 27 Vik frå det vonde og gjer det gode, so vert du æveleg buande i landet.
- 28 For Herren elskar rett og forlet ikkje sine trugne; til æveleg tid vert dei haldne uppe; men avkjøme av ugudlege vert utrudt.
- 29 Dei rettferdige skal erva landet og bu i det til æveleg tid.
- 30 Rettferdig manns munn andar visdom, og hans tunga taler det som rett er.
- 31 Hans Guds lov er i hans hjarta, hans stig er ikkje ustøde.
- 32 Dei ugudlege lurer på den rettferdige og søkjer å drepa honom.
- 33 Herren yvergjev honom ikkje i hans hand og fordømer honom ikkje, når han vert dømd.
- 34 Venta på Herren og haldt deg på hans veg! so skal han upphøgja deg til å erva landet; du skal sjå på at dei ugudlege vert utrudde.
- 35 Eg såg ein ugudleg ovrikjen mann, og han breidde seg ut som eit heimevakse tre med sitt grøne lauv.
- 36 Men han gjekk burt, og sjå, han var ikkje meir, og eg leita etter honom, men han vart ikkje funnen.
- 37 Merk deg den ulastande mann, og sjå på den rett-tenkte, at freds mann hev ei framtid.
- 38 Men dei fråfalne vert alle saman utøydde, framtidi vert avskori for dei ugudlege.
- 39 Og frelsa for dei rettferdige kjem frå Herren, deira sterke vern i trengsels tid.
- 40 Og Herren hjelper deim og friar deim ut, han friar deim frå dei ugudlege og frelser deim, for dei flyr til honom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗