로그인

시편 36편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 12절

  1. 1 Til songmeisteren; av Herrens tenar David.
  2. 2 Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, kjenner eg i mitt inste hjarta. Ingen ræddhug for Gud er det for hans augo.
  3. 3 For ein høler honom i augo ved å finna hans synd, ved å hata honom.
  4. 4 Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt.
  5. 5 Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde.
  6. 6 Herre, til himmelen når di miskunn, din truskap upp til dei høge skyer.
  7. 7 Di rettferd er som Guds fjellhøgder, dine domar er ei stort havdjup; menneskje og dyr frelser du, Herre!
  8. 8 Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Og menneskjeborni flyr inn i skuggen av dine vengjer.
  9. 9 Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du deim å drikka.
  10. 10 For hjå deg er livsens kjelda, i ditt ljos ser me ljos.
  11. 11 Lat di miskunn vara lenge for deim som kjenner deg, og di rettferd for dei trurøkne i hjarta!
  12. 12 Lat ikkje ovmods fot koma yver meg, og hand av ugudlege ikkje jaga meg burt! Der fell dei som gjer urett; dei vert støytte ned og kann ikkje standa upp.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗