시편 38편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 22절
- 1 Ein salme av David; til minnesofferet.
- 2 Herre, refs meg ikkje i din vreide, og tukta meg ikkje i din harm!
- 3 For dine piler er farne ned i meg, og di hand hev falle tungt på meg.
- 4 Det finst inkje friskt i mitt kjøt for din vreide skuld; det er ikkje fred i mine bein for mi synd skuld.
- 5 For mine misgjerningar stig meg yver hovudet, som ei tung byrd er dei meg for tunge.
- 6 Det luftar ilt av mine sår, dei renn av verk for min dårskap skuld.
- 7 Eg er krøkt, reint samanbøygd, heile dagen gjeng eg svartklædd.
- 8 For mine lender er fulle av brand, og det finst inkje frisk i mitt kjøt.
- 9 Eg er reint valen og sundslegen, eg skrik høgt av hjartestynjing.
- 10 Herre, for di åsyn er alt mitt ynskje, og min sukk er ikkje løynd for deg.
- 11 Mitt hjarta slær hardt, mi kraft hev forlate meg, og jamvel mine augo hev mist sitt ljos for meg.
- 12 Mine vener og frendar held seg undan frå mi plåga, og mine næmaste stend langt burte.
- 13 Og dei som ligg etter mitt liv, dei legg ut snaror, og dei som søkjer mi ulukka, dei talar um undergang og tenkjer på svik heile dagen.
- 14 Og eg er som ein dauv, eg høyrer ikkje, og liksom ein mållaus som ikkje let upp sin munn.
- 15 Ja, eg er som ein mann som ikkje høyrer, og som ikkje hev motmæle i sin munn.
- 16 For til deg, Herre, stend mi von; du vil svara meg, Herre, min Gud!
- 17 For eg segjer: «Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vaggar, høgmodast dei yver meg.»
- 18 For eg er nær på å falla, og min hugverk er stendigt framfyre meg.
- 19 For eg må sanna mi skuld, syrgja yver mi synd.
- 20 Og mine fiendar liver, dei er mannsterke, og dei er mange som hatar meg utan orsak.
- 21 Og dei som løner godt med vondt, stend meg imot, av di eg fer etter det gode.
- 22 Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ver ikkje langt ifrå meg! Kom meg snart til hjelp, Herre, mi frelsa!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗