시편 35편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 28절
- 1 Av David. Herre, før mi sak mot deim som hev sak mot meg! Strid mot deim som strider mot meg!
- 2 Grip skjold og verja og reis deg til hjelp for meg!
- 3 Drag spjotet fram og steng vegen for deim som forfylgjer meg! Seg til mi sjæl: «Eg er di frelsa!»
- 4 Lat deim blygjast og skjemmast, som stend meg etter livet! Lat deim vika attende med skam, som vil meg noko vondt!
- 5 Lat deim verta som agner for vind, og Herrens engel støyte deim burt!
- 6 Lat deira veg verta myrk og hål, og Herrens engel forfylgje deim!
- 7 For utan orsak hev dei løynt si grav med garn åt meg, utan orsak hev dei grave ei grav for mitt liv.
- 8 Lat tjon koma yver honom, når han ikkje veit det, og det garn han løynde fanga honom; lat honom falla i det til sitt tjon!
- 9 Og mi sjæl skal gleda seg i Herren, fagna seg i hans frelsa.
- 10 Alle mine bein skal segja: «Herre, kven er som du, du som friar den arme frå ein som er honom for sterk, den arme og fatige frå den som plundrar honom?»
- 11 Det stend upp mange vitne; dei spør meg um det som eg ikkje veit.
- 12 Dei gjev meg vondt til løn for godt; mi sjæl er lati åleine.
- 13 Men eg, eg gjekk i syrgjeklæde, då dei var sjuke; eg pinte mi sjæl med fasta, og mi bøn vende att til min barm.
- 14 Eg gjekk ikring, som det skulde vore min ven, min bror; eg gjekk bøygd og svartklædd, som ein som syrgjer på mor si.
- 15 Men no, då det hallar med meg, no gled dei seg og flokkar seg saman; det flokkast mot meg fantar og folk eg ikkje kjenner; dei riv sund og kviler ikkje.
- 16 Liksom skamløysor som driv spott for ein brødbite, so skjer dei tenner imot meg.
- 17 Herre, kor lenge vil du sjå på? Drag mi sjæl undan deira herverk, mitt einaste frå unge løvor!
- 18 Eg vil prisa deg i ei stor samling, lova deg millom mykje folk.
- 19 Lat deim som utan grunn er mine fiendar ikkje gleda seg yver meg! Lat deim som hatar meg utan orsak ikkje blinka med auga!
- 20 For dei talar ikkje fred, men tenkjer upp svikande ord mot dei stille i landet.
- 21 Og dei riv sin munn vidt upp imot meg, dei segjer: «Ha, ha! Vårt auga hev set det!»
- 22 Du ser det, Herre, teg ikkje! Herre, ver ikkje langt ifrå meg!
- 23 Vakna upp og vert vaken til å gjeva meg rett, min Gud og Herre, til å føra mi sak!
- 24 Døm meg etter di rettferd, Herre min Gud, og lat deim ikkje gleda seg yver meg!
- 25 Lat deim ikkje segja i sitt hjarta: «Ha, det er vår lyst!» Lat deim ikkje segja: «Me hev gløypt honom upp!»
- 26 Lat deim skjemmast og blygjast alle saman som gled seg i mi ulukka; lat deim klæda seg i skam og skjemsla, dei som høgmodast yver meg!
- 27 Lat deim fagna seg og gleda seg, som unner meg min rett, og lat deim alltid segja: «Høglova vere Herren, som unner sin tenar at det gjeng honom godt!»
- 28 Og mi tunga skal kveda ut di rettferd, heile dagen din pris.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗