시편 34편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 22절
- 1 Av David, då han gjorde seg galen hjå Abimelek, so han jaga honom av, og han gjekk burt.
- 2 Eg vil lova Herren alle tider, hans pris skal stendigt vera i min munn.
- 3 Mi sjæl skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.
- 4 Lova Herren storleg med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn!
- 5 Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alle mine rædslor.
- 6 Dei som skoda upp til honom, lyste av gleda, og deira andlit turvte aldri blygjast.
- 7 Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor.
- 8 Herrens englar lægrar seg rundt ikring deim som ottast honom, og han friar deim ut.
- 9 Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til honom.
- 10 Ottast Herren, de hans heilage, for inkje vantar dei som ottast honom.
- 11 Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt.
- 12 Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.
- 13 Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka?
- 14 Vakta di tunga frå det som vondt er, og lippor for svikfull tale!
- 15 Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom!
- 16 Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.
- 17 Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.
- 18 Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.
- 19 Herren er nær hjå deim som hev eit sundbrote hjarta, og frelser deim som hev ei hugsprengd ånd.
- 20 Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar honom ut or deim alle.
- 21 Herren tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av deim vert brote.
- 22 Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka. Herren løyser ut deira sjæl som tener honom, og av dei som flyr til honom, vert ingen saka.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗