시편 33편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 22절
- 1 Fagna dykk høgt i Herren, de rettferdige! For de trurøkne sømer seg lovsong.
- 2 Prisa Herren med strengeleik, lovsyng honom til tistrengja harpa!
- 3 Syng honom ein ny song, rør strengen fagert med fagnadljod.
- 4 For Herrens ord er ærleg meint, og all hans gjerning er trufast.
- 5 Han elskar rettferd og rett; av Herrens nåde er jordi full.
- 6 Himlarne er skapte ved Herrens ord, og all deira her ved hans munns ande.
- 7 Han samlar havsens vatn som ei muga, legg dei djupe vatn i upplagshus.
- 8 All jordi må ottast for Herren, for honom ræddast alle som bur i mannheimen.
- 9 For han tala, og so vart det; han baud, og so stod det der.
- 10 Herren spiller heidningefolks råd, gjer folkeslags tankar til inkjes.
- 11 Herrens råd stend ved lag i all æva, hans hjartans tankar frå ætt til ætt.
- 12 Sælt er det folk som hev Herren til sin Gud, det folk som han valde ut til sin arv.
- 13 Frå himmelen skodar Herren ned, han ser alle menneskjeborni.
- 14 Frå den staden der han bur, ser han ned til alle som bur på jordi,
- 15 han som lagar deira hjarto alle saman, han som merkar alle deira gjerningar.
- 16 Ein konge vert ikkje frelst ved sin store styrke, ei kjempa ikkje berga ved si store kraft.
- 17 Hesten er sviksam hjelp til frelsa, og med sin store styrke bergar han ikkje.
- 18 Sjå, Herrens auga ser til deim som ottast honom, som ventar på hans nåde
- 19 til å fria deira sjæl frå dauden og halda deim i live i hungersnaud.
- 20 Vår sjæl stundar på Herren; han er vår hjelp og vår skjold.
- 21 For i honom gled vårt hjarta seg, for me set vår lit til hans heilage namn.
- 22 Di nåde, Herre, vere yver oss, so som me vonar på deg!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗