시편 26편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 12절
- 1 Av David. Søm meg til min rett, Herre! for eg hev fare fram i mi uskyld, og til Herren hev eg sett mi lit uruggeleg.
- 2 Prøv meg, Herre, og freista meg, ransaka mine nyro og mitt hjarta!
- 3 For din nåde er for mine augo, og eg ferdast i di sanning.
- 4 Eg sit ikkje saman med falske menner og gjeng ikkje inn hjå fule folk.
- 5 Eg hatar samkoma av illmenne, og hjå dei ugudlege sit eg ikkje.
- 6 Eg tvær mine hender i uskyld og vil gjerne ferdast um ditt altar, Herre,
- 7 til å kveda lydt med lovsongs røyst og fortelja um alle dine under.
- 8 Herre, eg elskar di husvist og den stad der din herlegdom bur.
- 9 Rykk ikkje mi sjæl burt med syndarar eller mitt liv med blodgiruge menner,
- 10 som hev skamgjerd i sine hender og si høgre hand full av mutor.
- 11 Men eg fer fram i mi uskyld; løys meg ut og ver meg nådig!
- 12 Min fot stend på slettlende. I samlingarne skal eg lova Herren.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗