시편 25편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 22절
- 1 Av David. Herre, til deg lyfter eg mi sjæl.
- 2 Min Gud, til deg hev eg sett mi lit; lat meg ikkje verta til skammar; lat ikkje mine fiendar gilda seg yver meg!
- 3 Ja, ingen av deim som ventar på deg, skal verta til skammar; men dei skal verta til skammar, som utan årsak bryt si tru.
- 4 Herre, lat meg kjenna dine vegar, lær meg dine stigar!
- 5 Leid meg fram i di sanning og lær meg! for du er Gud, min frelsar, på deg ventar eg all dagen.
- 6 Herre, kom i hug di miskunn og din nåde! for dei er frå æveleg tid.
- 7 Kom ikkje i hug min ungdoms synder og mine misgjerningar; kom meg i hug etter di miskunn for din godhug skuld, Herre!
- 8 Herren er god og rettvis; difor lærer han syndarar vegen.
- 9 Han leider dei audmjuke i det som rett er, og lærer dei audmjuke sin veg.
- 10 Alle Herrens stigar er nåde og sanning mot deim som held hans pakt og hans vitnemål.
- 11 For ditt namn skuld, Herre, forlat meg mi skuld, for ho er stor!
- 12 Kven er den mann som ottast Herren? Honom lærer han den veg han skal velja.
- 13 Hans sjæl skal stødt bu i sæla, og hans avkjøme skal erva landet.
- 14 Herren hev samlag med deim som ottast honom, og si pakt vil han kunngjera deim.
- 15 Mine augo er stendigt vende til Herren, for han dreg mine føter ut or garnet.
- 16 Vend deg til meg og ver meg nådig! for eg er einsleg og arm.
- 17 Min hjarteverk hev dei gjort stor; før meg ut or mine trengslor!
- 18 Sjå min armodsdom og mi møda, og forlat meg alle mine synder!
- 19 Sjå mine fiendar, at dei er mange! og dei hatar meg med rettarlaust hat.
- 20 Vara mi sjæl og frels meg! Lat meg ikkje verta til skammar! for eg flyr til deg.
- 21 Lat uskyld og trurøkna verja meg, for eg ventar på deg.
- 22 Å Gud, løys Israel ut or alle sine trengslor!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗