시편 27편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 14절
- 1 Av David. Herren er mitt ljos og mi frelsa, kven skulde eg ottast for? Herren er verni for mitt liv, kven skulde eg ræddast for?
- 2 Når illmenne søkjer på meg og vil eta mitt kjøt, mine motstandarar og mine fiendar, so snåvar og fell dei sjølve.
- 3 Um ein her lægrar seg imot meg, so ottast ikkje mitt hjarta; um ufred reiser seg imot meg, er eg endå hugheil.
- 4 Eitt hev eg bede Herren um, det stundar eg etter: at eg må bu i Herrens hus alle mine livdagar, so eg kann skoda Herrens ynde og grunda i hans tempel.
- 5 For han gøymer meg i sitt hus på den vonde dag, han løyner meg i løynrom i sitt tjeld; han fører meg upp på eit berg.
- 6 Og no skal mitt hovud vera upphøgd seg yver mine fiendar rundt ikring meg, og eg vil bera fram offer med fagnadljod i hans tjeld, eg vil syngja og leika for Herren.
- 7 Høyr, Herre, eg ropar høgt; og ver meg nådig og svara meg!
- 8 Mitt hjarta ber fram for deg ditt ord: «Søk mi åsyn!» Herre, eg søkjer di åsyn.
- 9 Løyn ikkje di åsyn for meg, vis ikkje din tenar frå deg i vreide! Du hev vore mi hjelp. Støyt meg ikkje burt og forlat meg ikkje, du Gud som er mi frelsa!
- 10 For far min og mor mi hev forlate meg, men Herren tek meg upp.
- 11 Lær meg, Herre, din veg, og leid meg på den jamne stig for deira skuld som lurer på meg!
- 12 Gjev meg ikkje til deira mordhug som trengjer meg! for falske vitne stend upp imot meg, og folk som frøser av vald.
- 13 Å, dersom eg ikkje trudde at eg skulde få sjå Herrens godhug i livsens land -!
- 14 Venta på Herren, ver hugheil, og lat ditt hjarta verta sterkt. Ja, venta på Herren!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗