로그인

시편 24편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 10절

  1. 1 Av David, ein salme. Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det.
  2. 2 For han hev grunnlagt henne på havi og grunnfest henne på strøymande vatn.
  3. 3 Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad?
  4. 4 Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik.
  5. 5 Han skal bera velsigning med frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.
  6. 6 Dette er deira ætt som spør etter honom, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. Sela.
  7. 7 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!
  8. 8 Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldug, Herren veldug i strid.
  9. 9 De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!
  10. 10 Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers drott; han er kongen den herlege. Sela.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗