시편 21편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 13절
- 1 Til songmeisteren; ein salme av David.
- 2 Herre! Kongen gled seg yver di magt, og kor høgt han fagnar seg yver di frelsa!
- 3 Det hans hjarta ynskte, hev du gjeve honom og ikkje neitta honom det hans lippor bad um. Sela.
- 4 For du kom honom til møtes med velsigning av gode ting; du sette ei kruna av gull på hans hovud.
- 5 Han bad deg um liv, du gav honom det, eit langt liv æveleg og alltid.
- 6 Stor er hans æra ved di frelsa; høgd og heider legg du på honom.
- 7 For du set honom til velsigning for alle tider, du hugnar honom med gleda for di åsyn.
- 8 For kongen set si lit til Herren, og ved miskunn frå den Høgste skal han ikkje verta rikka.
- 9 Di hand skal finna alle dine fiendar, di høgre hand skal finna deim som hatar deg.
- 10 Du skal gjera deim som ein gloande omn, når du viser di åsyn; Herren skal rydja deim ut i sin vreide, og eld fortæra deim.
- 11 Deira frukt skal du rydja ut av jordi og deira avkoma millom menneskjeborni.
- 12 For dei stila på vondt imot deg, dei lagde upp meinråder; dei kann ingen ting.
- 13 For du skal få deim til å snu ryggen til, med dine bogestrengjer sigtar du på deira andlit. Reis deg, Herre, i di magt! So vil me lovsyngja og prisa ditt velde.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗