로그인

시편 20편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 9절

  1. 1 Til songmeisteren; ein salme av David.
  2. 2 Herren bønhøyre deg på trengselsdagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg!
  3. 3 Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion!
  4. 4 Gjev han må minnast alle dine grjonoffer og finna ditt brennoffer godt! Sela.
  5. 5 Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder!
  6. 6 Me vil fagna oss ved di frelsa og i vår Guds namn lyfta sigermerket. Herren uppfylle alle dine bøner!
  7. 7 No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.
  8. 8 Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud.
  9. 9 Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe. Herre, frels kongen! Han svare oss den dag me ropar!

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗