시편 22편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 31절
- 1 Til songmeisteren etter «Morgonraudens hind»; ein salme av David.
- 2 Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.
- 3 Min Gud! eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja.
- 4 Og du er då heilag, du som bur yver Israels lovsongar.
- 5 På deg leit våre feder; dei leit på deg, og du frelste deim.
- 6 Til deg ropa dei og slapp undan; på deg leit dei og vart ikkje til skammar.
- 7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann, ei spott for menneskje og vanvyrd av folk.
- 8 Alle som ser meg, spottar meg, rengjer munnen og rister på hovudet og segjer:
- 9 «Legg det på Herren! han frelse honom, han berge honom, sidan han hev hugnad i honom!»
- 10 Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet.
- 11 På deg er eg kasta frå morslivet, frå morsfanget er du min Gud.
- 12 Ver ikkje langt burte frå meg! for trengsla er nær, for det finst ingen hjelpar.
- 13 Sterke uksar ringar meg inne, Basans stutar kringset meg.
- 14 Dei spilar upp sitt gap imot meg, som ei flengjande og burande løva.
- 15 Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta hev vorte voks, smolte inst i mitt liv.
- 16 Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til min gom, og du legg meg ned i daudens dust.
- 17 For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter.
- 18 Eg kann telja alle mine bein; dei skodar til, dei ser på meg med lyst.
- 19 Dei skifte mine klæde millom seg og kasta lut um min kjole.
- 20 Men du, Herre, ver ikkje langt burte, du min styrke, skunda deg å hjelpa meg!
- 21 Fria mi sjæl frå sverdet, mi einaste frå hundevald!
- 22 Frels meg frå løvegap, og frå villukse-horn - du bønhøyrer meg!
- 23 Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i ålmugen vil eg lova deg.
- 24 De som ottast Herren, lova honom, all Jakobs ætt, æra honom, og hav age for honom, all Israels ætt!
- 25 For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom, og ikkje løynt si åsyn for honom; men då han ropa til honom, høyrde han.
- 26 Frå deg kjem min lovsong i ein stor ålmuge; eg vil avgjera mine lovnader for deira augo som ottast honom.
- 27 Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!
- 28 Alle endarne av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle heidninge-ætter skal tilbeda for di åsyn.
- 29 For riket høyrer Herren til, og han råder yver alle hedningarne.
- 30 Alle rikmenner på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne, alle dei som stig ned i dusti, og den som ikkje kann halda si sjæl i live.
- 31 Etterkomarar skal tena honom; det skal verta fortalt um Herren til den komande ætt. Dei skal koma og forkynna hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗