시편 19편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 14절
- 1 Til songmeisteren; ein salme av David.
- 2 Himlarne fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.
- 3 Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap.
- 4 Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst vert ikkje høyrd.
- 5 Ut yver all jordi gjeng deira mål, og til heimsens ende deira ord. Åt soli sette han eit tjeld på deim.
- 6 Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sitt løynrom, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.
- 7 Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av honom, og ingen ting er duld for hennar hite.
- 8 Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjæli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.
- 9 Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.
- 10 Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens domar er sanning, dei er rettferdige alle saman.
- 11 Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne.
- 12 Din tenar vert ogso åmint ved deim; når ein held deim, er det stor løn.
- 13 Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester!
- 14 Haldt og din tenar frå skamløysor, lat deim ikkje få magt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for stor misgjerning. Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗