시편 16편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 11절
- 1 Ein miktam av David. Vakta meg, Gud! for eg flyr til deg.
- 2 Eg segjer til Herren: «Du er min Herre; eg hev inkje godt utan deg.
- 3 Og dei heilage som er i landet, dei er dei herlege som eg hev all min hugnad i.»
- 4 Mange sorger skal dei hava som byter åt seg ein annan; eg vil ikkje renna ut deira drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor.
- 5 Herren er min tilmælte deil og mitt staup; du held min lut i hævd.
- 6 Ein lut er meg tilfallen som er av dei huglege, ja, ein arv som eg finn fager.
- 7 Eg vil lova Herren som gav meg råd; endå um næterne minner mine nyro meg um det.
- 8 Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka.
- 9 Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra fagnar seg, ja, ogso mitt kjøt skal kvila i trygd.
- 10 For du vil ikkje yverlata mi sjæl til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang.
- 11 Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗