시편 17편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 15절
- 1 Ei bøn av David. Herre, høyr på rettvis sak, lyd etter mitt rop, vend øyra til mi bøn frå saklause lippor!
- 2 Lat min rett ganga ut frå ditt andlit, dine augo skoda kva rett er!
- 3 Du prøver mitt hjarta, gjestar det um natti, du ransakar meg, du finn ingen ting; min tanke vik ikkje av frå min munn.
- 4 Mot det som menneskje hev gjort meg, hev eg etter ordet frå dine lippor teke meg i vare for valdsmanns stigar.
- 5 Mine stig heldt seg stødt til dine farvegar, mine føtar snåva ikkje.
- 6 Eg ropar til deg, for du svarar meg, Gud! Bøyg ditt øyra til meg, høyr mitt ord!
- 7 Vis di underfulle miskunn, du som frelsar deim som flyr til deg, frå deim som stend imot di høgre hand!
- 8 Vakta meg som din augnestein! gøym meg i skuggen av dine vengjer
- 9 for dei ugudlege som øydelegg meg, mine fiendar til dauden, som kringset meg!
- 10 Dei let sitt feite hjarta att, med sin munn talar dei i ovmod.
- 11 Kvar me gjeng, kringgjeng dei oss no; sine augo set dei på å støyta meg ned til jordi.
- 12 Han er lik ei løva som stundar etter å riva sund, og ei ungløva som ligg i løyne.
- 13 Statt upp, Herre, stig fram imot honom, støyt honom ned, frels mi sjæl frå den ugudlege med ditt sverd,
- 14 frå menner med di hand, Herre, frå menner av denne verdi, som hev sin lut i dette liv, og som du fyller buken på med dine skattar, dei som er rike på søner og let sine avleivor etter seg til sine born!
- 15 Eg skal i rettferd skoda ditt andlit, eg skal, når eg vaknar, mettast av di åsyn.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗