로그인

시편 146편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 10절

  1. 1 Halleluja! Mi sjæl, lova Herren!
  2. 2 Eg vil lova Herren so lenge eg liver, syngja lov for min Gud medan eg er til.
  3. 3 Set ikkje lit til hovdingar, til ein menneskjeson som ikkje kann hjelpa.
  4. 4 Fer hans ande ut, so vender han attende til si jord, den dagen er det ute med hans tankar.
  5. 5 Sæl er den som hev Jakobs Gud til hjelp, som vonar på Herren, sin Gud!
  6. 6 han som hev skapa himmel og jord, havet og alt som i deim er, han som er trufast til æveleg tid,
  7. 7 han som gjev dei nedtyngde rett, han som gjev dei hungrige brød. Herren løyser dei bundne.
  8. 8 Herren opnar augo på dei blinde, Herren reiser dei nedbøygde, Herren elskar dei rettferdige,
  9. 9 Herren varar dei framande, farlause og enkjor held han uppe, men han villar vegen for dei ugudlege.
  10. 10 Herren skal vera konge æveleg, din Gud, Sion, frå ætt til ætt. Halleluja!

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗