시편 145편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 21절
- 1 Ein lovsong av David. Eg vil upphøgja deg, min Gud, du konge, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid.
- 2 Kvar dag vil eg lova deg, og eg vil prisa namnet ditt æveleg og alltid.
- 3 Stor er Herren og mykje lovsungen, og hans storleik er uransakleg.
- 4 Ei ætt skal lova dine verk for ei onnor, og dine storverk skal dei forkynna.
- 5 Di høge og herlege æra og dine underverk vil eg grunda på.
- 6 Um dine sterke, skræmelege gjerningar skal dei tala, og dine storverk vil eg fortelja um.
- 7 Minne-ord um din store godleik skal dei lata strøyma ut, og di rettferd skal dei lovsyngja.
- 8 Nådig og miskunnsam er Herren, langmodig og stor i miskunn.
- 9 Herren er god imot alle, og han miskunnar alle sine verk.
- 10 Alle dine verk skal prisa deg, Herre, og dine trugne lova deg.
- 11 Um herlegdomen i ditt rike skal dei tala, og ditt velde skal dei forkynna,
- 12 til å kunngjera dine velduge verk for menneskjeborni, og den strålande herlegdom i ditt rike.
- 13 Ditt rike er eit rike for alle ævor, og ditt herredøme varer gjenom alle ætter.
- 14 Herren er stydjar alle som fell, og han reiser alle som er nedbøygde.
- 15 Alle vender augo sine ventande til deg, og du gjev deim deira føda i si tid.
- 16 Du let upp handi og mettar alt levande med hugnad.
- 17 Herren er rettferdig på alle sine vegar og miskunnsam i alle sine verk.
- 18 Herren er nær hjå alle deim som kallar på honom, alle som kallar på honom i sanning.
- 19 Han gjer etter deira ynskje som ottast honom, og han høyrer deira rop og frelser deim.
- 20 Herren varar alle deim som elskar honom, men alle ugudlege tyner han.
- 21 Min munn skal mæla um Herrens pris, og alt kjøt skal lova hans heilage namn i all æva og alltid.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗